Når mangel på kunnskap kan vera til å døy av!

Anne Marit Askeland og Irene Bjørnøy

For å kunne ta ei god avgjerd, særleg i helsesektoren, er det viktig å bruka fleire kjelder for å sikra eit godt resultat. Ein treng å finna fram til den beste kunnskapen, og kunne vurdera denne kritisk. Ein må vite kva som er ei god kjelde, eller ikkje, for å kunne gi pasientane dei beste råda og behandlingane. I verste fall kan resultatet vera dødeleg om ein ikkje finn rett kunnskap for å behandla pasienten.

Eit utviklingsarbeid blei difor starta opp i studieåret 2011/2012, der bibliotekarar og faglærarar ved sjukepleiarutdanninga ved Høgskulen i Vestfold, samarbeidde for å utvikle ein studiemodell som styrka kunnskapshandteringa til dei framtidige sjukepleiarane (Horntvedt, Nordsteien og Holmen, 2013). I modellen nytta dei seg av kunnskapsbasert praksis, som vil seia at ein set saman kunnskapar frå både vitskaplege kjelder, erfaring frå praksis, og pasienten sin eigen kunnskap.

Det er altså når det kjem til dei vitskaplege kjeldene at bibliotekarane kjem inn. Gjennom dei tre studieåra deltok bibliotekarane med undervisning i blant anna referansehandtering, søketeknikk, kritisk vurdering og litteratursøk.

Ein treng fleire studie med fokus på kunnskapshandtering for å kunne få meir kunnskap om effekten av undervisningsmodellen, sjølv om ein tidlegare studie har konkludert med at systematisk opplæring i informasjonshandtering tydar på ein auka kompetanse (Horntvedt et al., 2013).

Som framtidige bibliotekarar ser vi at vår rolle kan vera avgjerande slik vi ser i døme over, der ein ved feil informasjon eller mangel på informasjon, kan gjera vurderingar som endar «Six Feet Under».

Horntvedt, M.-E. T., Nordsteien, A. & Holmen, N. T. ( 2013) Satser på kunnskapshåndtering. Sykepleien, 101(10), 60-62. https://doi.org/10.4220/sykepleiens.2013.0100