Er læringsteori relevant for bibliotekarar?

Dette er kanskje eit leiande spørsmål. Men dette er noko praksisfeltet er oppteken.

Biblioteksektoren spør i større grad etter kvalifikasjonar som formidlar, kunnskapar i pedagogikk, undervisningserfaring, gode rettleiingspraksisar osb. Bibliotekarforbundet arrangerte ein paneldebatt hausten 2016 der dei hadde samla to representantar frå sektoren; Leikny Haga Indregaard (Bergen offentlig) og Randi Rønningen (Universitetsbiblioteket i Oslo) for å diskutere bibliotekarkompetanse. Sistemann i panelet var instituttleiaren her på ABI. Både Rønningen og Indregaard trakk fram pedagogisk kompetanse som ein av tre sentrale kompetansar (Bergan, 2016) dei såg etter når dei tilsette nye bibliotekarar.

I de siste årene har det også blitt tilbydt etterutdanning for bibliotekarar som ønsker meir pedagogisk kompetanse. Eitt av dei er det Høgskolen Innlandet (Elverum) som tilbyr, spesielt med tanke på bibliotekararar innan medisinske fag. Det private firmaet NyWeb tilbyr kurs for skulebibliotekarar der dei rettar merksemda mot kva rolle skulebibliotekaren kan ha for elevane sin læring. Også fylkesbiblioteka har arrangert kurs i pedagogikk for bibliotekarar. Så difor vil eg svar JA på mitt innleiande spørsmål om nytten av pedagogikk og rettleiingsteori.

 

Idunn Bøyum, faglærar

Litteratur

Bergan, E. (2016). Ikke så verst tilpasset likevel? Bibliotekaren, (10), 18-21