Vil du teste ny innlogging?

Vi jobbar no med å integrere Feide på blogg.hioa.no slik at du kan bruke det “vanlige” HiOA-brukernavn/passord ditt på blogg.hioa.no. På denne måten har du eit mindre passord å huske på. Det har i tillegg vore ein del ustabilitet med dagens løysing. Vi håpar ny innlogging med Feide vil gjere dette betre.

Har du lyst å teste?

Neste gong du skal logge på kan du prøve det med denne lenka: https://blogg.hioa.no/pb-feide-auth/login 

Fyrste gong du skal logge deg på med Feide må du koble saman HiOA-brukaren din med blogg.hioa.no-brukaren din (dette treng du berre gjere ein gong).

Eg hadde satt stor pris på tilbakemelding på følgande punkt:

  • Gjekk det greit å logge seg inn?
  • Viss nei, kva skjedde? (eg blir veldig takksam for skjermbilete)
  • Kva for nettlesar brukte du?
  • Pc eller mac?

Du kan sende tilbakemelding på epost til Hallvard eller legge att ein kommentar under.

Forfatter: Hallvard

Ansvarlig for sosiale medier og blogg.hioa.no.

En kommentar til «Vil du teste ny innlogging?»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *