LearnDash-video

Har du lyst å prøve mooc eller tilby opplæring digitalt? Her på blogg.hioa.no tilbyr vi eit verktøy som heiter LearnDash. Med LearnDash kan du enkelt lage digitale kurs med emner, tema, quiz og oppgåver.

På Moocahuset kan du lese meir om LearnDash: http://moocahuset.net/wiki/wiki/verktoy/wordpress/learndash/

Her er ein film som viser korleis sette opp kurs

 

Ta kontakt med hallvard.lavoll@hioa.no for hjelp til å komme i gang

Sider som viser kategoriar (video)

Her forklarar eg korleis du kan lage ei side som viser alle innlegg med ein definert kategori.

For at dette skal fungere må du fyrst ha produsert innlegg og valgt ein eller fleire kategoriar til innlegget.

Noko uklart? bruk kommentarfeltet!

Korleis skru av kommentarfunksjonalitet? (video)

Her er ein kort video som forklarar korleis du skrur av og på kommentarfunksjonaliteten på bloggen din.

Kort forklart:

For å skru av kommentarfunksjonalitet på heile bloggen din:

Kontrollpanel -> Innstillinger -> Diskusjon -> 

For å skru av kommentarfunksjonalitet for eit enkelt innlegg/side:

Legg til nytt innlegg/side -> scroll ned til boks “Diskusjon” -> velg

Viss diskusjonsvalget ikkje er synlig i redigeringsmodus:

Skjerminnstilling (oppe til høgre) -> Diskusjon

No kan besøkande abonnere på bloggen din (video)

Untitled-2Vi har fått på plass ein ny funksjon som gjer det mogleg å abonnere på bloggen din. Funksjonen heiter “subscribe by email”.

  • “Subscribe by email” sender epost til alle som abonnerar kvar gong nytt innlegg blir publisert, ein gong i veka eller manuelt (når du vil). Dette kan du justere sjølv i settings.
  • Du kan også sette opp og pynte på eposten som blir automatisk sendt ut (logo, farge, informasjon).
  • Det er mulig å berre sende ut automatisk epost når det blir publisert under ein bestemt kategori.
  • Den som abonnerar kan sjølv melde seg av.

Eg har laga ein kort video som forklarar korleis du brukar denne funksjonen.

 

Kort forklart:

Legg til “boksen” for å kunne abonnere (skrive inn epostadr) på bloggen:

Kontrollpanel -> utseende -> widgeter -> dra boksen “subscribe by email” inn i ønskja kolonne

Sette opp eposten som blir automatisk sendt ut:

Kontrollpanel -> Subscriptions -> Settings

 

 

Slik embedder du Vimeo (video)

Har du lyst å vise ein video frå Vimeo direkte på bloggen? Dette blir også kalla for å “embedde”. I denne videoen forklarar eg korleid du gjer det

 

Korleis legge til YouTube-film i blogginnlegg?

Slik legger du enkelt til ein YouTube-film (embed) i blogginnlegget ditt.

 

1. Finn fram til filmen på YouTube du ønskjer å vise i blogginnlegget ditt

2. Velg “share” og det vil dukke opp ei url-adresse

Skjermbilde 2013-03-20 kl. 11.23.44

3. Kopier denne url-adressa og lim det inn i blogginnlegget ditt der du vil at filmen skal vises

Skjermbilde 2013-03-20 kl. 11.28.02

 

4. skriv ferdig blogginnlegget og trykk “forhåndsvis” for å sjå korleis det vil sjå ut. Når du er ferdig og nøgd med blogginnlegget trykker du “publiser”

Slik setter du opp en blogg (video)

Eg har prøvd å lage til ein video som skal forklare korleis registrere ein brukar og sette opp ein blogg på bloggportalen til HiOA.

Noko uklart? noko eg gløyte å forklare? andre spørsmål? bruk kommentarfeltet

Skjermbilde 2013-03-06 kl. 17.21.21

 

Gå hit for å sjå videoen:  https://screencast.ecampus.no/relaymedia/hallvard@hioa.no/2013/06.03/803316/blogg.hioa.no_-_Flash_(Original_Size)_-_20130306_10.16.51AM.html

(Skal finne ut korleis vi embedder screencast i bloggen)