Bruk av bilete frå Flickr på blogg (video)

Her viser eg korleis finne og laste ned HiOA-bilete på www.flickr.com/photos/hioa/ som du kan bruke i bloggen din. Husk at det er berre lov å bruke følgjande bilete på blogg.hioa.no:

 

Slik embedder du Vimeo (video)

Har du lyst å vise ein video frå Vimeo direkte på bloggen? Dette blir også kalla for å “embedde”. I denne videoen forklarar eg korleid du gjer det

 

Oppdatert WordPress

Skjermbilde 2013-12-15 kl. 18.52.06Denne bloggportalen (blogg.hioa.no) nyttar seg av WordPress. WordPress er eit publiseringssystem (også kalla CMS). No har vi oppdatert WordPress til den nyaste versjonen, WordPress 3.8 “Parker” (Oppkalla etter Charlie Parker).

Det fyrste du vil merke er nytt design i kontrollpanelet. Handtering av design (theme) er endra og i tillegg er det gjort ein jobb for å få bloggen til å sjå betre ut på mindre skjermar (mobil og nettbrett).

Noko du lurer på?

Bruk kommentarfeltet eller send ein epost til Hallvard: hallvard.lavoll@hioa.no

Hvordan skrive en god blogg?

4919659112_70f8836dfa

Er du ny bloggbruker og usikker på hvordan man skal nå ut til folk? Her er en artikkel full av nyttige tips for nybegynnere som hjelper deg i gang!

http://www.dummies.com/how-to/content/writing-a-good-blog.html

                                                                       Photo: CC from Flickr by Phil Oakley

Sletting av spam på alle blogger

Det dukkar stadig opp useriøse kommentarar på bloggane våre. Dei aller fleste useriøse kommentarar blir automatisk definert som “useriøse” av spamfilteret og satt til side.

Kommentarer_‹_Bloggstøtte_—_WordPress

Dei færraste av oss tar oss bryet med å sjekke og slette mappa med useriøse kommentarar.  Dette fører til at serveren vår blir overfylt med – spam.

Vi har no byrja slette alle useriøse kommentarar frå alle bloggane på blogg.hioa.no automatisk den fyrste i kvar månad.

Så veit du det.

 

Nytt HiOA bloggdesign

No har vi fått på plass eige HiOA bloggdesign (theme) her på blogg.hioa.no. Vi har oppdaga litt smårusk i koden som vi skal rydde opp i, men det er berre å prøve den ut.

Slik velger du HiOA-design på bloggen din:

  1. Log deg inn og gå til kontrollpanelet til boggen din – blogg.hioa.no/navnet-på-bloggen-din/wp-admin
  2. Velg “utseende” og så “temaer” i venstremenyen
  3. Finn fram til “HiOA Blogg tema” og velg “live forhåndsvisning” for å sjå korleis bloggen din vil sjå ut.
  4. I forhåndsvisning kan du prøve deg fram med forskjellige fargar og bilete. Når du er nøgd trykker du “lagre og aktiver”

Korleis legge til YouTube-film i blogginnlegg?

Slik legger du enkelt til ein YouTube-film (embed) i blogginnlegget ditt.

 

1. Finn fram til filmen på YouTube du ønskjer å vise i blogginnlegget ditt

2. Velg “share” og det vil dukke opp ei url-adresse

Skjermbilde 2013-03-20 kl. 11.23.44

3. Kopier denne url-adressa og lim det inn i blogginnlegget ditt der du vil at filmen skal vises

Skjermbilde 2013-03-20 kl. 11.28.02

 

4. skriv ferdig blogginnlegget og trykk “forhåndsvis” for å sjå korleis det vil sjå ut. Når du er ferdig og nøgd med blogginnlegget trykker du “publiser”

Slik setter du opp en blogg (video)

Eg har prøvd å lage til ein video som skal forklare korleis registrere ein brukar og sette opp ein blogg på bloggportalen til HiOA.

Noko uklart? noko eg gløyte å forklare? andre spørsmål? bruk kommentarfeltet

Skjermbilde 2013-03-06 kl. 17.21.21

 

Gå hit for å sjå videoen:  https://screencast.ecampus.no/relaymedia/hallvard@hioa.no/2013/06.03/803316/blogg.hioa.no_-_Flash_(Original_Size)_-_20130306_10.16.51AM.html

(Skal finne ut korleis vi embedder screencast i bloggen)

Importere Twitter-feed på bloggen

Ønskjer du å vise ein bestemt hashtag eller eit bestemt søkeresultat  frå Twitter på bloggen din? På høgreside på denne bloggen importerar vi hashtaggen #hioa (alle som brukar #hioa i innlegga sine på Twitter).  Slik går du fram.

  • Gå til kontrollpanelet på bloggen din (www.blogg.hioa.no/tittel/wp-admin)
  • Velg utvidelser frå menyen på venstre side i kontrollpanelet
  • Finn utvidelsen som heiter “Twitter Tracker” og aktiver denne
  • Velg utseende og så velg widgeter.
  • Dra Twitter search tracket-boksen frå tilgjengelige widgeter over til ønska kolonne (på høgre sida)
  • Åpne widgeten (pil ned) og tast inn ønskja tittel/søkeord/hashtag og trykk lagre
  • Oppdater bloggen din for å sjå resultatet

Hvordan får jeg avatarbilde på bloggen min?

gravatar

Ønsker du at bloggen din skal vises med et avatar-/profil-bilde på denne oversikten, eller at bilde av deg skal dukke opp når du kommenterer på et blogginnlegg?

For å legge til et avatar- eller profilbilde må du registrere deg hos Gravatar (http://nb.gravatar.com/). Opprett konto, last opp ønsket bilde og knytt bilde til epost/blogg.

Problem? bruk kommentarfeltet under så skal jeg hjelpe deg.

– Hallvard