Voldsprogrammet Forskningsprogram om vold i nære relasjoner

Vald og overgrep går under radaren

Toothache. Portrait of an elderly man with face closed by hand on dark background. Colourbox
av Nina Eriksen

Sårbare eldre, psykisk sjuke og personar med rusproblem er grupper som får lite merksemd når kommunane skal jobbe for å avdekke og hjelpe vaksne som er særleg utsette for vald og overgrep.

Alle utsette for vald skal ha eit likeverdig tilbod om hjelp. Får dei det i dag?

Ein ny rapport frå NOVA viser at manglande merksemd om utsette grupper og deira særlege behov, kan gjere det vanskelegare å oppdage at vald og overgrep skjer.

NOVA og Voldsprogrammet har på oppdrag frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) kartlagt korleis norske kommunar arbeider for å verne risikoutsette vaksne mot vald og overgrep. Forskingsleiar Tonje Gundersen og forskar Camilla Vislie har gjennomført kartlegginga, som er publisert i rapporten Vern av risikoutsatte voksne. Kommunenes varslingssystemer for avdekking av vold og overgrep. (lenke)

Camilla Vislie. Foto: HiOA

Forskar Camilla Vislie ved NOVA, HiOA

Når tilsette i kommunane mistenker eller oppdagar vald eller overgrep, er det viktig å ha prosedyrar for korleis ein skal handtere situasjonen. Det kan vere avgjerande for at saka blir handsama på ein god måte vidare.

Berre ein av tre har rutinar

Sjølv om undersøkinga viser at halvparten av kommunane har skriftlege varslings- og rapporteringsrutinar, er det berre ein av tre kommunar som har spesifikke rutinar for ulike grupper av risikoutsette vaksne. Slike rutinar beskriver kva dei tilsette skal gjere når dei oppdagar eller mistenkjer vald og overgrep i desse tilfella.

Dei aller fleste av dei særlege retningslinene rettar seg mot ein gruppe, nemleg personar med psykisk utviklingshemming som opplever seksuelle overgrep.

Tretten prosent av kommunane har generelt utforma retningsliner eller prosedyrar, medan 52 prosent ikkje har nokon skriftlege rutinar.

– Konsekvensane av manglande prosedyrar kan vere at visse risikoutsette grupper ikkje får det same vernet mot vald og overgrep som andre får, seier Camilla Vislie.

– Ein følge av at det ikkje finst eigne, godt kjente retningsliner for å handtere vald mot til dømes psykisk sjuke personar, er at det heller ikkje er nok kunnskap i kommunen om denne gruppa og deira risiko for å oppleve vald.

Les heile artikkelen hjå Viten og praksis (HiOAs forskingsmagasin)

Les, ting eller last ned rapporten gratis

Publisert av:

user
Nina Eriksen
Adviser

Skriv en kommentar