Voldsprogrammet Forskningsprogram om vold i nære relasjoner

Skilbrei til Voldsprogrammet

May-Len Skilbrei. Foto: J. Ystehede, UiO

May-Len Skilbrei er no tilsett i ei 10-prosent stilling på Voldsprogrammet ved NOVA, OsloMet.

Skilbrei er sosiolog og har sidan midten av 1990-tallet forska på spørsmål om forholdet mellom kjønn, seksualitet og makt.

Dei siste åra har ho vore spesielt oppteken av kjønn og sårbarheit i migrasjonsprosessen og av rettsleg og velferdspolitisk handtering av prostitusjon, menneskehandel og valdtekt.

Skilbrei vil framover jobbe på Voldsprogrammet på NOVA ved sidan av si stilling som professor i kriminologi ved Universitetet i Oslo.

Ho er allereie involvert i samarbeid med NOVAs forskarar på Voldprogrammet, men vil no bli endå meir integrert i arbeidet med å vidareutvikle programmet og å styrke den vitskaplege formidlinga frå satsinga.

Besøk tilsettsida til May-Len Skilbrei på UiO

Publisert av:

user
Nina Eriksen
Adviser

Skriv en kommentar